Rudolf

Rudolf er eit mannsnamn av norrønt eller anna germansk opphav. Det er sett saman av rud-, som kan ha opphav i norrønt hróðr eller gammelsaksisk hrôt, som begge betyr 'hyllest, berømming', og -olf, som kan stamma frå norrønt ulfr eller gammalhøgtysk wolf, 'ulv'. Hróðolfr var ei norrøn og Rodhulf ei gammalsvensk form av namnet.

Rudi og Ruud er kortformer, medan Rolf og Rollo er nærskylde namn. Rudolfine er ei kvinneleg form.

Rudolf har namnedag i Noreg og Sverige den 27. mars.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search